Turløyper
I dal- og fjellområda og dalføra rundt Jølster Skisenter er det eit kjempeflott turterreng. Du kan gå mot Gjesdalsdalen frå fleire sider, eller du kan ta toppturar til Varden og Kvamsfjellet 1080 moh.
Jølster Løypelag står for turløyper tilknytta skisenteret og preparerer omlag 20 km turløyper. Du kan følge med på status på desse på Skisporet.no,
Facebook sida til løypelaget.
Du kan klikke her for å sjå kart over turmoglegheitane.
Parkering ved nedre varmestove, eller du kan kjøre opp bomvegen til Holtane hyttegrend for mindre stigning i starten av løypa. Sjå kart merka med P.
Dersom du har spørsmål til turløypa, ta kontakt med vakt eller billettbua så skal vi hjelpe.
GOD TUR!!
Toppturar i Jølster
Med sine mange fjell kan Jølster by på mange flotte toppturar. Nedanfor finn du løypebeskrivelse og forklarande bilder til nokre av fjelltoppane. God tur