Bomveg

Prisar for bomveg til Øvre P-plass


Vegen opp til øvre del av anlegget i Jølster Skisenter er privat eigd, det betyr at du må betale for å kjøre oppover mot Støylen (Hauglandsheisen og Kvamsheisen). Bomstasjonen er plassert omlag hundre meter etter i innkjøring til nedre parkering og Varmestova/billettkontor/Skibua.

Det kostar 60 kroner å passere for personbil inntil 3,5 tonn. Det er ingen fysisk bom, men eit kamera med skiltgjenkjenning. Du må betale innan 48 timar på youpark.no. Dersom du ikkje gjer det, får du ein faktura i posten. Det er også mulig å betale for eit klippekort.

Registrer bilen på youpark og få automatisk varsel ved passeringar.

Drift og vedlikehold

– Bompengane går først og fremst til årlig drift og vedlikehold av vegen.

Ved kjøp av bomvegskort bidreg kvar enkelt med at Veglaget kan halde vedlikehald av vegen opp til hytter og parkeringsplasser. Dette er svært avgjerande for at vegen skal vere trygg og sikker å ferdast på.

Følg link til registrering på: youpark

Velg bomvegen: s.a.s Invest

Øvre og nedre parkeringsplasser er gratis. 

NB! Klippekort (for bomveg) kan ikkje kjøpast i billettluka.

Betal innan 48 timar via vips eller kort/bank. Ved uteblitt betaling tilkjem gebyr for fakturering kr 70,-.

Dersom du har spørsmål som gjeld bomveg ta kontakt med Stein Arne Sunde på tlf.nr. 91894578. Spørsmål som gjeld betaling og fakturering kan rettast til kundeservice youpark tlf +4747700700.