Børst støv av skia dine og bli med på årets råaste skirenn i Jølster Skisenter!
Lørdag 5. mars blir det igjen arrangert fjellet ned! Kinesisk utfor frå toppen av Kvamsfjellet og helt ned til nederste parkeringa/varmestova. Det vil også bli arrangert Mini Kvamsfjellet ned. Alle renn med tidtaking og flotte premiar. Rennet har open klasse, så du står fritt til å velje utstyr. Telemark, alpint eller snowboard. Her er det motet som kvalifiserar.
Kvamsfjellet Ned
Start kl. 16.45
Dei som deltek på Kvamsfjellet ned lyt vere fylt 14 år. De vil få skyss frå toppen av heisen med trakkemaskin og vert dregen heilt opp på Kvamsfjellet. For å minske risikoen for skadar, har vi valgt å lage trakkemaskinspor heilt til topps.
Premiering:
1.premie damer: kr. 10 000,-
1.premie menn: kr. 10 000,-
Premiering Idealtid: kr. 5 000,-
Minikvamsfjellet ned: 8-14 år.
Start kl. 16.30
Dette rennet er for dei litt yngre og startar på toppen av skisenteret, og har portar til bunn av bakken. Her er det også felles start med valfritt utstyr. Første jente og gut ned vinn flotte premiar, her vil vi også ha fleire flotte trekkepremiar på startnummer.
Premiar frå mellom anna Jølster Skisenter (årskort), Din Sport, Fjærland Guiding og Jølster Rafting.
Påmeldingskontigent:
Kvamsfjellet Ned: kr. 300,- (inkl. trakkemaskintransport opp)
Minikvamsfjellet Ned: kr. 150,-
Påmelding til post@jolsterskisenter.no eller ved oppmøte i skisenteret.