AVLYST!
Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter har gleda av også i år å arrangere FIS-renn med disiplinane storslalåm fredag 26. februar og slalåm laurdag 27. februar og søndag 28. februar.
Fredag vil rennet føregå i Kvamsbakken. Denne dagen er det stengt i anlegget men alle er velkomne til å bli med som publikum. Laurdag og søndag vil renna føregå i Bjørkelibakken, det vil difor vere god plass i resten av anlegget til alle andre gjester.
Vi oppmodar alle til å ta med seg klappstol, kakao, flagg, og god stemning og bli med å gjere renna til ein fest! Her har du mogelegheit til å sjå up-and-coming alpinistane som vert dei neste store alpintstjernene.
Informasjon for deltakarar finn de her.