Vi opnar Hauglandsheisen laurdag 4. januar
Vi ynskjer alle gode skigjester eit rettleg godt nytt år!
Vinteren er endeleg tilbake og vi kan endelig sikte mot oppstart av anlegget på ordentlig! Vi opnar først Hauglandsheisen frå og med laurdag 4/1 kl. 10.30. Kiosk og skiutleiga vert også open i helga. Hauglandsheisen er eit gratis tilbod for alle og du slepp å kjøpe heiskort for å nytte denne.
Resten av anlegget lyt vente litt til. Iløpet av torsdagen har det kome gode 30 cm med lett «fjonsnø». I høgda har vinden transportert ein del av nysnøen til lesider.
Vi produserer fortsatt mykje snø som skal dosast ut til bakke og trekktrassear. Ein del arbeid gjenstår før vi kan opne heile anlegget. Det vi kan seie med sikkerhet er av vi siktar vi mot storopning iløpet av veke 2. Fortløpande informasjon vil bli lagt ut når vi ser det nærmar seg.
Vi ber om at ingen oppheld seg i anlegget utanfor opningstidene då det pågår snøproduksjon med straumkablar og vassledningar med høgt trykk som skjuler seg under snøen.