Arbeidet med oppgradering av snøproduksjonsanlegget er i gang!
Jølster Skisenter har i haust starta arbeidet med nytt høgdebasseng som skal forbetre arbeidet med snøproduksjon. Dette prosjektet er delfinansiert av Sparebankstiftinga, Sparebanken Vest og Jølster Kraftfond, og vi er takksame for deira støtte!
Arbeidet vil markere eit viktig skritt mot ein meir bærekraftig og energieffektiv snøproduksjon. Ved å bygge ny dam vil vi kunne redusere behovet for å pumpe vatn frå elva Jølstra som ligg fleire hundre høgdemeter lågare i terrenget. Dette vil ikkje berre gjere prosessen meir effektiv, men også bidra til ei betre utnytting av ressursane våre.
Vi har frå før eit høgdebasseng på omlag 600 moh. Dammen vert i snøproduksjons-perodar tappa heilt ned og vi har i desse periodane henta vatn frå elva Jølstra. Denne prosessen er energikrevjande og fører dessutan til varmegang i vatnet som igjen fører til mindre effektiv snøproduksjon.
Våren 2024 gjekk vi igang med å planlegge nytt høgdebasseng og ny fortrykkspumpe som skal forsyne skibakken med vatn med naturleg trykk. Med ny fortrykkspumpe krest det mykje mindre straum for å oppnå same mengde og trykk som i dag. Med ny dam har vi meir enn dobla mengde tilgang til vatn. Prosjektet er kostnadskrevjande med bl.a. graving, rørsystem og ny pumpe.
Vi har vore heldige å få med Sparebankstiftinga, Sparebanken Vest og Jølster Kraftfond på spleiselaget. Dette resulterer i ein vinter med ein betydelig meir energieffektiv snøproduksjon.
I tillegg takkar vi for ein solid innsats frå våre hardtarbeidande frivillige og til lokale entrepenørar!
TUSEN TAKK FOR STØTTA!