Takk for skisesongen 2023 - 2024!
Kjære skigjestar, frivillig dugnadspersonell og andre bidragsytarar i Jølster Skisenter!
Ei stor takk til alle som har bidratt til ein fantastisk sisesong her i Jølster Skisenter! Skisesongen 2023-`24 har bydd på ein uforgløymelig vinter med mykje skiglede og moro!
Med oppstart og prøveopning allereie 3. desember, og sesongopning 22. desember, har vi holdt det gåande med nokre få unntak, gjennom heile sesongen fram til 2. påskedag. Med omlag 100 driftsdøgn og fleire tusen skigjester, må vi seie oss fornøgde med årets skisesong!
Vi har gjennom sesongen tilrettelagt og vore arena for leik og moro, vi har vore ein sosial møtested for barn, unge og vaksne. Vi har vore trenings- og rennarena for skiidrett på lokalt nivå, kretsnivå og internasjonalt nivå. Vi har vore øvingsarena for skredgruppe og redningsteneste, og kursarena for nybyrjarar i alle aldrar. Vi har vore reisedestinasjon for familiar fra ulike stadar i landet, og vi har vore arena for fysisk fostring for tusenvis av mennesker i alle aldrar også for dei med funksjonsnedsetjing. Vi har tilrettelagt for alle å lære seg kunsten å stå på ski heilt gratis, og alt dette vil vi framleis ha fokus på i framtida i Jølster Skisenter!
Ei spesiell takk til alle frivillige som har stått på seint og tidleg for å gjere skisesongen mogleg! Utan dykkar dedikasjon og harde arbeid, ville det ikkje vere mogleg å drive skisenter på den måten vi gjer i dag.
Vi ynskjer alle og einkvar god vår og så håpar vi å treffast igjen til neste sesong!
Har du synspunkt, meiningar eller tips til noko vi kan forbedre oss på, eller gjere annleis? Kom gjerne med tips!
Tusen takk for i år og velkommen tilbake neste sesong! 😃