Sparebankstiftinga bidreg til auka tryggleik og betre drift i Jølster Skisenter
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er ein viktig aktør for idrett og fritidsaktiviteter rundt om i heile fylket. Dei er og ein viktig aktør for oss i Jølster Skisenter, som i stor grad er avhengig av fivilligheit og bidragsytarar for å gje eit godt tilbod for gjestane våre.
Hausten 2023 er arbeidet godt i gang med å oppgradere radio basestasjonane i skianlegget og området rundt. Sparebankstiftinga løyvde oss kr. 50 000,- til basestasjon som blir motert opp på Årset. Denne er levert av Voss Radioteknikk og vil forbedre betraktelig dekningsgraden i skianlegget, samt i Gjestdalen der langrenns-løypenettet ligg. Dette betyr mykje for at personell betre kan kunne kommunisere ved dagleg drift, uhell eller skader. Det gir ei høgre grad av tryggleik for våre gjester og for hovudvaktene i skianlegget.
Vidare er vi glade for å ha fått støtte til kjøp av pent brukt ATV. Sparebankstiftinga innvilga kr. 100 000,- som vart øyremerka til innkjøp av ATV, der vi skaffa ein pent brukt Can-am fra Kveen i Stryn. Denne har forenkla vedlikehaldsarbeidet i anlegget og har blitt flittig brukt i høve beiterydding i haust.
Kr. 20 000,- vart også tildelt Jølster Skisenter til bruk på beitepussar. Beitepussar kjøpt fra Wee.no har vist seg å vere ei god løsning for meir økonomisk vedlikehald av traseane våre.
Vi seier tusen takk for bidraget fra Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane!