Skred i fjellomroda aust for skibakken

I dag var det to uheldige skiløparar som havna i eit snøskred i fjellområdet aust for skisenteret.

Alle vart raskt gjort rede for og dei innvolverte blei tatt hand om av helsepersonell. Det er opplyst om moderate skader hjå dei involverte.

Det vart utført ettersøk i terrenget av redningsgruppa for å stadfeste at ingen fleire hadde hamna i skredet. Vi er mektig imponert over innsatsen til alle som bidrog under dagens redningsaksjon, og vi føler oss betrygga over å sjå kor stort apparat med både profesjonelle fagfolk og frivillige som stiller opp når uhellet er ute👍

Også våre egne dugnadsfolk og hovudvakter har gjort en fenomenal innsats under dagens aksjon og fortener eit stort klapp på skuldra💪

I dag gjekk det etter forholda bra, og vi håpar alle tek gode vurderingar når dei ferdast i skredterreng. Vi oppmodar om å søkje informasjon på varsom.no for dagleg oppdatering.

Vi vil også nytte høvet til å opplyse om vår naudtelefon (Tlf. 900 34 456) som kan nyttast når uhellet er ute og ein treng bistand av ulik karakter.

Med ønske om ei trygg og fin veke🙂

Britt Kari Vasstein