Sesongopning fredag 22. des. i Jølster Skisenter
Etter ein periode med regn og vått vêr, ser det ut til at det er tid for sesongopning i Jølster skisenter fredag 22. desember kl. 18.00. Med minusgradar og nyleg påfyll av snø, er det ei gledeleg nyheit for alle skiglade. Værmeldinga lovar til og med meir snø i dagane som kjem.
Dugnadsgjengen har gjort ein stor innsats for å begrense vasskadene i uveret, og dei er no igang med å klargjere til opninga. Med maskiner og mannskap har dei jobba på spreng for å klargjere løypene.
Vi opnar heile anlegget frå mellomavstigninga i Kvamsheisen (avstigning til Familiebakken). Vi lyt ta fortløpande vurdering på når vi kan opne siste stykket til topps etter kvart.
I tillegg til skikøyring, er det også mogleg å nyte ein varm kopp kakao eller ein deilig vaffel eller pølse i kiosken.
Opningstider i Jula 🎄
Lisjejulafta: Stengt
Julafta: Stengt
1.juledag: Stengt
2. juledag kl. 10.30 - 16.30
3. juledag kl. 10.30 - 16.30
27. des. kl. 10.30 - 16.30
28. des. kl. 10.30 - 16.30
29. des. kl. 10.30 - 16.30
30. des. kl. 10.30 - 16.30
Nyttårsafta: Stengt
1.nyttårsdag: Stengt
Vi ynskjer velkommen til små og store i bakken fredag kveld! 😃