Kvamsfjellet Ned

1.april kan du bli med på årets tøffaste utfordning! Då kan du nemlig bli med på Kvamsfjellet Ned frå toppen av Kvamsfjellet og heilt ned til botnen av bakken. For dei yngre kan ein bli med på Mini Kvamsfjellet Ned, med start frå øvst i bakken. Renna har open klasse, det vil seie at du kan velje utstyr; alpint, telemark, rando, snowboard eller fjellski.

I år som i fjor, vert det preparert løype frå startpunktet på Kvamsfjellet. Du får skyss opp til toppen frå avstigninga ved Kvamsheisen. Det vert premiering til dame og herreklasse for begge løpa. Premiering skjer i målområdet rett etter fullført renn.

Mini Kvamsfjellet Ned

Aldersgrense 8 år.

Start kl. 16.30 (oppmøte kl. 16.15) frå avstigning Kvamsheisen

Dette rennet har fellesstart med portar frå start til bunn av bakken. Det vert premiering av beste jente og gut.

Premiering til både jente og guteklasse.

  1. premie: Sesongkort

  2. premie: Skibriller

  3. premie: Skihanskar

Startkontigent kr 150,-

NB! Alle deltakarar lyt ha skriftleg signatur frå føresette på godkjenning til deltaking.

Kvamsfjellet Ned

Aldersgrense 14 år.

Start Kl. 16.45 (dameklasse)frå toppen av Kvamsfjellet. Oppmøte kl. 16.16 ved avstigning Kvamsheisen.

Dette rennet har fellesstart frå toppen av Kvamsfjellet. Du får transport frå avstigninga til Kvamsheisen til topps.

Premiering til herreklasse:

  • 1. premie: gåvekort Erdal Sport kr 3000,-

  • 2. premie:gåvekort Erdal Sport kr 2000,-

  • 3. premie: gåvekort Erdal Sport kr 1000,-

Premiering til dameklasse:

  1. premie: gåvekort Din Sport kr. 3000,-

  2. premie: gåvekort Din Sport kr. 2000,-

  3. premie: gåvekort Din Sport kr. 1000,-

Beste tid snowboard: Sesongkort

Startkontigent kr. 300,- ( kr. 150,-om du går opp sjølv).

Det vert trekkepremiar på begge renna🎁

Påmelding: post@jolsterskisenter.no eller ved oppmøte i varmestova nederst i skisenteret frå kl. 13.30-15.00.

Ps! Kle dykk godt, det kan bli kaldt på start. Vi bistår med transport av kle frå start til målgang.

Dette blir moro! Vel møtt!

Vi tek forbehold om at endringar kan førekomme.

Løypevalg 2022, årets løype går utanom nedre sløyfe.

Britt Kari Vasstein