Det nærmar seg… ⛷️🏂

Lurer du også på kva som føregår i anlegget no før sesongopning? Du har kanskje sett at det er lys i bakken både kveld og natt, og har sett at vi produserer store mengder snø.

Kuldegradene er kjærkomne for oss i skisenteret, og Team Snøproduksjon jobbar både dag og natt med å lage snø i Kvamsbakken og i Bjørkelibakken, samt i heistrassear. Snøen vert så dosa ut med hjelp av tråkkemaskiner.

Søndag vart bringarane montert i Kvamsheisen, og er klare til drift. Og Hauglandsheisen er heilt klar!

Når tid opnar vi?

Svaret på det er i god tid før jul. Noko eksakt dato kan vi ikkje fastsette, men det nærmar seg. Du kan følge oss på sosiale medier og på heimesida vår for vidare oppdatering.

Kva opnar først?

Vi planlegg å opne Kvamsbakken opp til mellomavstigning (avstigning til familieløypa), Hauglandsheisen og Bjørkelibakken. Resten (familieløypa) treng nok eit snøfall for at vi skal opne.

Kva kan du gjere medan du ventar?

- Kjøp sesongkort og reis rett i bakken! Sesongkort svarar seg om du har tenkt deg meir enn 8 turar (dagskort) i bakken løpet av sesongen. Barn under skolealder går gratis, og alle 4.klassingar går gratis. Du må registrere barnet ditt for å hente ut gratis sesongkort om du skal følgje heis i stor bakke.

- Sjekk ut info om bomveg dersom du har tenkt å kjøre opp til øvre parkering i vinter. Bomvegen er privateigd og kostar kr. 60,- pr. passering (gratis ved retur før 15 min.), eller kr. 1500,- for 40 klipp. Du finn informasjon på youpark sine heimesider, vel bomveger og s.a.s. invest for val av bomveg.

-Preppe ski! Sjå video om korleis utføre prepp. Du kan også ta kontakt med oss i skibua for utføring av lett preparering av ski.


Britt Kari Vasstein