Det er ikkje kult å kjøre sikk sakk i heisen!
Mange vert frista til å kjøre slalåm eller sikk sakk på vegen opp i heisen. Ein del dreg seg så langt mot den eine sida at wiren vert dregen ut av sporet. Om dette skjer, medfører det ein lengre driftsstans i heisen. I verste fall kan wiren eller medbringaren treffe passasjeren som står under med stor kraft. Heiswiren er eit tungt ståltau som kan gjere stor skade om det treff nokon. Det er difor ikkje berre dumt, men også farleg med sikk sakk kjøring i heisen.
Diverre ser vi at mange vel å trasse skilting i bakken. Dei fleste er ikkje bevisst ulempene og farene dette medfører, snakk med barnet ditt og forklar kvifor ein kjører rett fram i heisen.
Dei som triksar eller kjører sikk sakk i heisen, risikerer å bli fratatt heiskortet eller bli bortvist.
Om du ser nokon som driv med rampestrekar i heisen, så gje gjerne beskjed til den det måtte gjelde eller til hovudvakta.
Så, stay Cool! kjør sikk sakk nedover og ikkje oppover! 🤟
vi ynskjer dykk ein trygg og god heistur! 🤗⛷️🏂